Bokmelding: Mette Løkeland

Faktatett om svangerskapet

292-293

Michael 2025; 22: 292–293.

doi: 10.56175/michael.12633

Ellen Ø. Carlsen

Svangerskapet: den fantastiske reisen fra to celler til en baby

Oslo: Cappelen Damm, 2025

295 s.

ISBN 9788202865955

Boka har tittelen Svangerskapet: den fantastiske reisen fra to celler til en baby. Her kunne ein også leggja til mystiske, for det er jo unekteleg sjølve livets mystikk og under som skjer i kvinnekroppen i løpet av eit svangerskap. Det formar ikkje berre eit nytt liv, men og livet til foreldra og dei rundt når eit menneske kjem til verda.

Ellen Øen Carlsen er lege og forskar på svangerskapshelse ved senter for fruktbarheit og helse ved Folkehelseinstituttet. Ho har også gått gravid og født, utan at det treng å vera eit poeng for å skrive ei bok om svangerskapet.

Boka er logisk og lettfatteleg bygd opp: før svangerskapet og jakta på ein partnar, via første, andre og tredje trimester til fødselen og tida med baby i hus. Dei bolkane er igjen delt opp i korte underkapittel, tettpakka med fakta om utviklinga av fosteret, morkaka og alt som kan skje i løpet av svangerskapet og fødselen. I det heile er det ganske mykje om alt som kan gå galt, dersom du ikkje lever «riktig». Sjølv høyrer eg til dei som ser det som mi oppgåve som lege å ta ned angsten for sjukdom og farar i staden for å peike på alt som ein burde sjekke eller gjere. Folkehelse handlar ikkje berre om faktisk sjukdom, men også om opplevd helse. Vi har aldri vore friskare, og samtidig knapt kjend oss sjukare.

Eg stegla difor litt då eg kom til ei historie om ei som endeleg vart gravid ved assistert befruktning, og så spontanaborterte av di det var listeria i sylta dei åt då dei feira svangerskapet. Litt overvettes dramatisk trist historie for å illustrere noko som skjer 0–2 gongar i året i Noreg. Samtidig er forfattaren litt meir tilbakehalden med åtvaringar når det gjeld å ri på hest under svangerskapet, sidan ho sjølv gjerne gjer det. Det har eg sansen for. Etter Dobbs-dommen i Høgsterett i USA i 2022, aukar det på med kriminelle skuldingar mot kvinner for mord og liknande etter spontanabortar, eller der det har skjedd noko under svangerskap og fødsel. Ein skal difor vera varsam med å leggja for mange band og restriksjonar på livet til gravide. Det kan vera ein hårfin balanse mellom å løfte fosteret og å gjera kvinna til ei rugekasse.

Boka er både kunnskaps- og innhaldsrik. Carlsen har gjort eit grundig og etterretteleg arbeid. Ikkje overraskande, heldigvis, er det ikkje så mykje nytt å lære for ein gynekolog. Men av og til går den velkjende lyspæra opp over noko ein eigentleg veit, men ikkje hadde tenkt på. For meg var det infoen om at embryoet går over til foster i veke 10. Det vil seie at 90 prosent av alle provoserte abortar skjer på embryo og ikkje foster.

Dette er ikkje ei bok for dei som ønskjer bilete og illustrasjonar. For dei som planlegg ein graviditet eller er gravide og elskar fakta, er det mykje å hente her.

Mette Løkeland

Mette Løkeland er ph.d. og overlege ved Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus.